hero
logo

Ei varm oppleving i hjartet av Sunnmørsalpane!


Om du vil booke heile saunaen for deg sjølv, så vel du privat. Då kan du ta med deg 9 personar og nyte 2 timar i helga eller 1,5 timar i vekene for deg sjølv. Det er og lov å ta med to einingar alkohol per person når ein bookar privat.

Vel du drop-in så er saunaen open for at 10 tilfeldige personer kan vere der samstundes. Dette er ofte sosialt og kjekt. Her kan det vere både born og vaksne, så alkohol er ikkje tillatt å ta med.


Hvordan fungerer det?

Steg for steg

Drop-in eller privat

Vel mellom Drop-in (fellesbadstove) eller Privat tidsrom

Bestilling

Bestill ein time for deg sjølv eller med dine venner, på det tidspunktet du ynskjer, for ei fantastisk oppleving.

Inngang

Døra står open i det tidsrommet du har reservert. Badstuovnen vil vere oppvarma når du kjem.

Ta med

Hugs å ta med handduk og badeklede. Det er og lurt å ta med seg ei vassflaske. Om de er mange og de vil spare tid og plass - byt om heime, ta på morgonkåpa og slippers. Så er det berre å gå rett inn i varmen når du kjem.

Fasilitetar

Det er eit eige skifterom i badstova. Dusjanlegg er tilgjengeleg 50 meter frå badstova i Sykkylven småbåthamn sitt gjestebygg. For å bruke det må du bestille det samstundes som du bookar tid i saunaen. Det koster 50 kr. per person. Vel tilleggsprodukt rett før du går til betaling.

Alkohol

Det er IKKJE love å nyte alkohol i drop in-periodar. Ved private bookingar tillet vi 2 einingar pr. person. Dette er for eigen og andre si sikkerheit.

Sjølvbetent

Vi er eit sjølvbetent tilbod, og set difor pris på at de fylgjer våre retningslinjer. Hugs at all bruk av saunaen, og bading i sjøen i samanheng med bruk av saunaen, er på eige ansvar.

Nyt det!

Vi håper du får ei fantastisk oppleving hos oss! Gi gjerne tilbakemelding.

Håper vi sjåast

Takk for no og velkomen attende. Ta kontakt om det er noko, eller les vår FAQ.

Lenker

    Sosiale medier

      © 2024 .

      Visa logoMastercard logo