Loading...
hero

Fjølg Sauna

Kven er vi, og kva kan vi tilby deg?

Velkomen til Fjølg Sauna

ein destinasjon for avslapping og velvære midt i hjartet av Sunnmørsalpane. Vi tilbyr ei unik oppleving som let deg flykte frå kvardagens stress og bekymringar ved å tilbringe tid i ei badstue midt i fjorden, omringa av vakker natur.

Vår historie begynte med ein visjon om å bidra med noko til bygda vår, om å gi folk moglegheita til å kome nærare naturen og samstundes nyte helsefordelane som badstuopplevinga gir.

Her kan du nyte frisk sjøluft, lyden av bølgjeskvulp og ei fantastisk utsikt som tek pusten frå deg. Dette er ein stad der du verkeleg kan slappe av og finne di indre ro.

image

Om du er ute etter å kome deg vekk frå byens mas for ein dag, ynskjer å feire ei spesiell anledning, eller berre vil ta vare på deg sjølv og helsa di, er Fjølg Sauna staden å besøkje. Ta ein pause frå kvardagen og opplev den utrulege kjensla av å vere i ei badstue midt i fjorden med ei fantastisk utsikt. Vi ynskjer deg velkomen til vår oase av avslapping og velvære.

- Fjølg teamet

Lenker

Hjem

Kontakt oss


Fjølg

© 2025 Fjølg

Visa logoMastercard logo